Last ned PDF.


UGGDAL BÅTLAG – ÅRSMØTE 2014 - REFERAT
Fredag 21. mars 2013 var det kalla inn til årsmøte i Uggdal Båtlag.
Møtet vart halde i Grendatun mellom kl. 19.00 og 20.15. 16 medlemer møtte fram.


Sakliste:

1. Innkalling og sakliste
2. Årsmelding 2013
3. Rekneskapen 2013
4. Medlemskontingent
5. Årsleige
6. Salspris båtplass
7. Vidare utviding av anlegget
8. Justering av lover og vedtekter
9. Val


02/14 Årsmelding 2013

I meldingsåret vart det halde seks styremøte, fire av desse med synfaringar. Referata frå styremøta og frå årsmøta ligg på uggdal-baatlag.no.

Laget hadde ved årsskiftet 126 medlemer. Av desse leiger 93 båtplass. 10 plassar er fire meter breie, dei andre er tre meter breie. Sju personar av dei som står på ventelista har signalisert at dei ønskjer båtplass.

Det store løftet i meldingsåret var utviding av anlegget med 22 nye båtplassar. Marinegruppen ved Trond Helland vart vald som leverandør og anlegget vart så godt som ferdigstilt til 1. juli 2013. Nokre mindre justeringar vart gjort etter ferien. Kontrakten var på 730 000 kroner – eit stort løft for eit lite lag. I tillegg tok Marinegruppen på seg å justera retninga på det gamle anlegget og skifta dei gamle ankerfesta.

I meldingsåret var ikkje Uggdal Båtlag formelt registrert i Brønnøysund, og var såleis ikkje kvalifisert til å kunna ta opp lån (utan å gå vegen om private kausjonistar). Styret vurderte det ikkje som aktuelt å ta opp lån for å ferdigstilla anlegget i fjor, men har seinare søkt om å få registrera laget i Einingsregisteret i Brønnøysund. Søknaden er godkjend og Uggdal Båtlag har fått organisasjonsnummer 913 098 293 i føretaksregisteret. Institusjonell sektorkode er 7000 – «Ideelle organisasjonar».

Styret har fått avtale med grunneigar om å leggja til rette nye parkeringsplassar like ved hovudvegen. Desse vart ferdigstilte våren 2014. Runes Maskin har utført arbeidet.

Det har kome ein del kritikk frå medlemer som har plass på utsida av Bryggje B. Her er det verhardt om vinteren og båtane må flyttast på innsida, dersom dei skal liggja ute. Det er viktig at medlemene har forståing for at dei som har båtplass har sikra seg ein rett til ein del i anlegget, men at plasseringa seinare kan bli endra av styret – dersom Årsmøtet først endrar lover/vedtekter.

Styret har drøfta ulike alternative løysingar og konkludert med  at saka kan løysast ved at det vert bygd ei ny bryggje/bølgjebrytar på utsida av bryggje B. Styret ser då føre seg ei løysing med uteliggjarar på innsida, medan utsida fungerer som ein bølgjebrytar. Grunneigar Asbjørn Myklestad er positiv til eit samarbeid om ei eller fleire bryggjer på utsida av noverande bryggje B. Grunneigar har alt i 2010 lufta dette spørsmålet med Tysnes kommune i samband med rullering av kommuneplanen, og fått positive signal. Saka vil bli drøfta som eiga sak på årsmøtet, og dersom det er stemning for ei ny utviding, vil styret arbeida vidare med dette. 7 av dei 30 medlemene som ikkje har båtplass per i dag har signalisert at dei ønskjer plass. I tillegg har ein entreprenør og grunneigar i området signalisert interesse for båtplassar.

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet tek årsmeldinga til vitande»


03/14 Rekneskapen 2013

  rekneskapen 2013

Uggdal, 5. januar 2014

Samrøystes vedtak:
«Årsmøtet godkjenner rekneskapen slik han ligg føre»


04/14 Medlemskontingent

Samrøystes vedtak:
«Medlemskontingenten for 2014 vert som før, kr 250,-.»


05/15 Årsleige 2014

Samrøystes vedtak:
«Årsleiga for 2014 vert ikkje endra, og vil såleis vera kr 1500,-.»


06/14 Innløysing av båtplass

Samrøystes vedtak:
«Medlemer som ikkje lenger ønskjer å disponera båtplassen sin, vil få refundert kr 35 000,- (3m) eller kr 40 000,- (4m) frå Uggdal Båtlag, ved overdraging til ny eigar».


07/14 Utviding av anlegget

Styret vurderer bryggjeanlegget slik det no framstår som svært bra, etter utviding og tilrettelegging med straum, vatn og betre parkeringstilhøve. Ein har likevel eit par utfordringar som, slik styret ser det, bør løysast.

Utfordring 1:
Båtplassane på utsida av bryggje B er mykje utsett for bølgjer/ver og er soleis av ein dårlegare kvalitet enn resterande plassar, som ligg skjerma.

Utfordring 2:
Fleire ynskjer båtplass, og det er meldt behov også i forbindelse med tilrettelegging av nye byggjefelt i Uggdalsbygda.

Forslag til løysing på utfordingane:
Utviding av anlegget med nok ei bryggjerekkje utanfor eksisterande anlegg.

Grunneigar har stilt seg positiv til vidare utviding frå Eidaneset og også til gangveg ut til nytt landfeste. Eit nytt utlegg som går like langt sør vil skaffa frå 24 – 28 nye båtplassar. Styret ser då for seg ei løysing med litt kraftigare bryggjer/bølgebrytarar enn dagens, med båtplassar berre på innsida.

Me har fått prisoverslag på ferdig oppankra anlegg av same kvalitet som gjestebryggjene i Våge. Desse går litt djupare i sjøen og er tyngre enn dei me har i dag.
Når det gjeld finansiering av ei slik utviding, ser styret for seg at dette må bli ei deling mellom nye båtplassar og eksisterande. Dette då formålet med utvidinga er todelt, bølgjebrytar til nytte for alle og nye plassar berre på innsida.

Etter innhenta prisoverslag vil det på eksisterande plassar bli ein kostnad på ca kr. 5.000 pr. plass. Dette kan delvis dekkast av inneståande i bank slik at nødvendig innbetaling kan reduserast med kr. 1.000,00 dersom ein nyttar kr. 93.000,00 av inneståande.
Nye plasser vil få ein ca pris på kr. 40.000 for 3 meter og 45.000 for 4 meter. (Begge kr 5.000 dyrare enn dagens). Pris for eksisterande plassar kan då oppjusterast til tilsvarande beløp. (Dette vil då dekka den meirkostnad kvar vil få).

Styret vil arbeida vidare med saka dersom årsmøtet ynskjer det.

Samrøystes vedtak:
«Årsmøtet ser positivt på planen om å leggja ut ei bryggje C. Styret får fullmakt til å arbeida vidare med saka. Dersom kostnadane vert høgare enn det som er skissert i sakspremissane, må saka opp i eit ekstraordinært årsmøte»
   


08/14 Justering av lover og vedtekter

Styret hadde merkt seg ein del upresise formuleringar i lover og vedtekter, og ba årsmøtet om å gjera nokre justeringar/presiseringar. Styret ba og årsmøtet om å vurdera ei endring av forskrift om framleige, slik at framleige ikkje lenger må gå via styret, men direkte mellom medlem som har båtplass og ny leigetakar.

Alle framlegga frå styret vart samrøystes vedtekne.
Etter dette ser lover og vedtekter for Uggdal Båtlag slik ut:


Lover for Uggdal Båtlag

Vedtekne på skipingsmøte i Grendatun den 21. februar 1977, med endringar på årsmøtet 10.3.1995 og ekstraordinært årsmøte 2. mai 1997, årsmøte 14.april 1998, årsmøte 25.03.04, årsmøte 11. mars 2005, årsmøte 9. mars 2007 og årsmøte 21. mars 2014.

§ 1

Uggdal Båtlag har til føremål å byggja og driva småbåthamn og samla medlemene sine om sams interesse for båtar, hamneanlegg og fri ferdsle på sjøen.

§ 2

Båtlaget er ope for alle. Ein melder seg inn til leiaren. Styret må godkjenna nye innmeldingar.

§ 3

Båtlaget har eit styre på 5 medlemer: Leiar, nestleiar, skrivar og eit styremedlem til.

§ 4

Lagspengar og leige av båtplassar vert kvart år fastsette av årsmøtet og skal betalast innan forfall.. Året vert rekna frå 1. januar. Medemer som ikkje har betalt lagspengar og leige i rett tid, kan styret seia ut or laget, og dei kan missa båtplassen sin..

Lagspengar og båtplassleiga skal brukast til vedlikehald av hamneanlegget, parkeringsplassar og utstyr, til administrasjonskostnader og til renter og avdrag på mogelege lån.

Vert det overskot skal dette tilførast eigenkapitalen.

Innskotet må vera betalt før båtplassen kan takast i bruk.

§ 5

Årsmøtet vert halde kvart år innan utgangen av april og vert kalla saman av styret med minst 14. dagars varsel.

Sakliste:

Årsmelding og melding frå tillitsmenn.
Rekneskap, fastsetjing av lagspengar og utleigepris for båtplass.
Val av styre med 2 varamedlemer. Kvart år går skiftesvis ut 2 og 3 av styret dersom dei ikkje tek attval.
Val av leiar.
Val av valnemd på 3 medlemmer, med funksjonstid på 1 år.
Val av 3 personar til vedlikehaldsgruppa
Val av leiar i vedlikehaldsgruppa
Ved alle val har dei som går ut, rett til å seie frå seg attval i like lang tid som dei har fungert.
Innkomne framlegg.

Saker til årsmøte må være komne inn til styret seinast 14 dagar før årsmøtet
Dersom styret eller minst 1/3 av medlemene krev det, kan det kallast inn til ekstra årsmøte. Medlemene skal då kallast inn med minst 1 vekes varsel.

§ 6

Styret skal arbeida ut framlegg til retningslinjer, lover og føresegner for bruk og drift av båthamna. Desse må godkjennast av det første årsmøtet etter at dei er laga.

§ 7

Årsmøtet kan med vanleg fleirtal melda laget inn eller ut av eit landslag eller forbund.

§ 8

Medlemer som ved åtferda si skadar båtlaget sin eigedom eller omdøme, kan ekskluderast av styret. Den ekskluderte kan anka saka inn for årsmøtet som har den siste avgjerda.

§ 9

A. Oppseiing av båtplass må skje skriftleg til styret innan utgongen av kalenderåret.
Overdraging til ny eigar må skje i samråd med styret.
Ved overdraging av båtplass har medlemets barn og barnebarn førsterett til båtplassen, dernest medlemer på venteliste etter ansiennitet.
Ved overdraging av båtplass til medlemer på venteliste, som ikkje er barn eller barnebarn til tidlegare eigar av båtplassen, kan paragraf 10 A verta gjort gjeldande.
Salspris for båtplass skal vera den årsmøtet kvart år har fastsett.
Medlemer som har båtplass kan sjølve leiga ut denne plassen til andre medlemer i Uggdal Båtlag. Utleigar er, også i utleigeperioden, sjølv ansvarleg for plassen sin.

§ 10

Alle medlemmer beheld sin faste plass.

Flytting må skje i samband med sal av båtplass eller etablering av nye båtplassar. Medlemene må sjølve gje melding til styret om at dei ønskjer å byta plass.

Standard breidde på båtplass er 3 og 4 meter (senter til senter båtplass).

§ 11

Endringar i desse lovene kan berre gjerast på vanleg årsmøte.


Forskrifter for Uggdal Båtlag

Vedtekne på årsmøte 10.3.95. med endringar vedtekne på årsmøtet den 24.04.01, pkt. 7. og endringer vedtekne på årsmøte 25.03.04, pkt.7 og pkt 8 og endringar gjort på årsmøte 21. mars 2014 

1. Medlemer som har båtplass kan sjølve leiga ut denne plassen til andre medlemer i Uggdal Båtlag. Utleigar er, også i utleigeperioden, sjølv ansvarleg for plassen sin.
2.
Noverande medlemer utan båtplass, har alltid førsterett til leige av båtplass.
3. Oppgjer mellom utleigar og leigetakar skjer direkte mellom partane.
4.
Langtidsparkering (meir enn 24 timar) og plassering av eignelutar i fellesareal ved bryggjene, er ikkje tillate.

 

9/14 Val

«Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling. Alle val var samrøystes»
Etter dette er følgjande personar tillitsvalde i Uggdal Båtlag i 2014:

Styremedlemer.
Michael Naunheim (attval - på val i 2016)
Oddvin Flornes (attval - på val i 2016)
Eirik Birkeland (ny - på val i 2016)
Rolf Øyjordsbakken (attval - på val i 2015)
Vidar Høviskeland (attval - på val 2015)

Varamedlemer:
Knut Hollekim (attval)
Kato Stien (ny).

Leiar:
Vidar Høviskeland (attval)

Vedlikehaldsgruppe:
Magnus Inge Helland (attval)
Vidar Lid (attval)
Anfinn Kleppe jr. (attval)

Leiar vedlikehaldsgruppe:
Magnus Inge Helland (attval)

Rekneskapsførar:
Bjørn Inge Sætre (attval)

Valnemd:
Henrik Aakre (attval)
Else Marit Særsten (attval)
Rasmus Atle Dalen (attval)