Last ned som [PDF] [DOCX]

Uggdal Båtlag, Postboks 8, 5695 UGGDAL uggdal-baatlag.no Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


UGGDAL BÅTLAG – ÅRSMØTE 2016

Det vart halde årsmøte i Uggdal Båtlag onsdag 30. mars 2016. Møtet vart halde i Grendatun kl 18.00 – 19.00. Medlemene var kalla inn per e-post og vanleg post.

Følgjande medlemer var til stades: Ove Rosvold, Arne Kleppe, Kåre Kleppe, Finn Bruntveit, Knut Hollekim, Magnus Inge Helland, Vilhelms Staskevics, Eirik Birkeland, Vidar Høviskeland.

Sakliste:

  1. Innkalling og sakliste

  2. Årsmelding 2015

  3. Rekneskapen 2015

  4. Medlemskontingent

  5. Årsleige

  6. Depositum båtplass

  7. Vedtekter

  8. Hamnereglar

  9. Val


01/16 Innkalling og sakliste

Samrøystes vedtak:

«Ingen merknader til innkalling og sakliste».


02/16 Årsmelding 2015

I meldingsåret vart det halde tre styremøte, to av desse med synfaringar i anlegget. Referata frå styremøta ligg på uggdal-baatlag.no.

Laget hadde ved årsskiftet 152 medlemer. Av desse disponerer 117 båtplass. Fire plassar er 3,75 og16 plassar er fire meter frå sentrum til sentrum, ein plass er 4,40 og ein plass 4,60. Alle dei andre er tre meter. Ingen av dei som står på venteliste per 31.desember 2015 har signalisert at dei ønskjer båtplass.

Utviding av anlegget

Det store løftet i meldingsåret var sluttføringa av den nye utvidinga av anlegget – Bryggje C . Med denne utvidinga fekk Uggdal Båtlag 25 nye plassar – og alle er no disponerte.

Bakgrunnen for utvidinga var at Årsmøtet i 2014 viste til dei tøffe vertilhøva på utsida av Bryggje B, særleg om vinteren. Årsmøtet bad styret om å arbeida vidare med å få lagd ut ei ny Bryggje C, med båtplassar berre på innsida. Utsida av Bryggje C skal fungera som bølgjebrytar og verna heile anlegget. Bryggje C ligg litt djupare i sjøen og er tyngre enn dei to andre bryggjene.

Bryggje C er no ferdig montert og på plass. Arbeidet vart gjort av Marine Gruppen og bryggja er 84 meter lang. Dermed har laget fått 25 nye båtplassar og høve til gjestebryggje på utsida om sommaren. Straum på Bryggje C er montert, og det er sett opp fem lyssøyler for å markera bryggja. Det er og montert støpsel til bruk for dei som disponerer plassane. Utvidinga førte til at det måtte gjerast ein del elektrisk arbeid i sikringsboksen og elles. Pullertar for fortøying av gjestebåtar på utsida av Bryggje C er montert. Vatnet i Bryggje C vert ikkje kopla til før til våren, og vatnet i dei to andre bryggjene er stengd av for vinteren.

Avtale med grunneigar om utviding av området er underskriven og effektuert, og det er laga ny gangveg frå Bryggje B til Bryggje C med 4 lys montert. Sidan den nye gangstien langs fjellet tok ein del av det gamle opptrekket, måtte slippen utvidast. I samband med dette arbeidet vart også landfesta på Bryggje B sikra betre. Det har kome mange positive tilbakemeldingar på dette arbeidet.

I avtalen med grunneigar går det fram at denne nye promenaden no er båtlaget sitt ansvar. Tilfeldige turgåarar er sjølvsagt velkomne til å bruka denne tilkomsten til Eianeset, men eventuelle framtidige nye organiserte brukarar som ønskjer å gjera seg nytte av promenaden, må forhandla om dette med Uggdal Båtlag .

Finansiering av utvidinga var tenkt dekka av eksisterande båtplasseigarar, jfr. årsmøtevedtak 2014, med kr. 5000,- pr. stk., og resten av nye båtplassar med kr. 43.000,- for 3 m. og kr. 48.000 for 4 m. Pris for eksisterande båtplassar vart i fjor oppjustert til same verdi som dei nye. Denne modellen sikra finansiering av Bryggje C, den nye gangstien og utviding av slippen. Det vart ikkje nødvendig å ta opp lån, slik årsmøtevedtaket i 2015 opna for.

Videoovervaking og internett

Eit videokamera er installert i gavlen på grunneigar sitt naust, og oversiktsbilete frå anlegget kan sjåast i «sann tid» på uggdal-baatlag.no. Montering av kamera er gjort etter avtale med grunneigar. Videoovervaking av offentlege område føreset tydeleg skilting - og to skilt om kameraovervaking i heile området er sette opp. Eitt av desse skilta har nausteigar montert på naustet der kameraet står, det andre skiltet heng godt synleg i anleggsområdet. Kameraet kan setjast opp med minnebrikke som «hugsar» fem dagar tilbake.

I samband med oppsett av kamera vart det lagd opp internett-tilgang i bryggjene. Namnet på det trådlause nettverket er Uggdal Baatlag, og nettet er ope for alle. Driftskostnadane med kamera og internett er kr 349 per månad. Det vert ikkje informert ut til medlemene om desse nye tilboda før på årsmøtet, utanom det som står å lesa på nettsida.

Vedlikehald

Marine Gruppen har i haust gått over alle fortøyingar og ankerfeste i anlegget og utbetra det som måtte utbetrast. I det årsmeldinga vert skriven har me ikkje fått rapport om dette arbeidet frå Marine Gruppen. Det vert for tida forhandla med Marine Gruppen om tilsyn/vedlikehald av ankerfesta til alle bryggjene med jamne mellomrom. Laget må budsjettera med at avtalen kjem til å føra med seg ekstra driftskostnader år om anna framover.

I september vart alle plassar i anlegget målt opp på nytt, og fekk såleis korrekte mål.

Vedlikehaldsgruppa har gjort ein solid jobb. Dei har teke for seg forefallande arbeid etter kvart som oppgåvene har dukka opp.

I mars 2015 gjekk det eit steinsprang frå skråninga ved nedre P-plass. Dette førte til skader på ein parkert bil. P-plassen vart sperra av politiet/kommunen til plassen var rydda. Forsikringsselskapet konkluderte med at dette var eit hendeleg uhell som skuldast ekstremvêr.

Dei nye parkeringsplassane skulle ferdigstillast våren 2014, men styret har peika på at arbeidet ikkje er tilfredsstillande utført, og har bedd entreprenøren om å sluttføra oppdraget. Litt av dette arbeidet er gjort i meldingsåret, men enno ikkje sluttført. Noko dreneringsarbeid på den øvre parkeringsplassen står såleis att.

Sameleis står det att ein del reinsking av skjering på den nedre parkeringsplassen. Dette må gjerast våren 2016, og deretter må plassen framfor bryggene ryddast. Etter at gangpromenaden no legg til rette for tilkomst til Eianeset, også for turgåarar, vert det særleg viktig å halda P-plassen ryddig.

Oppdatert medlemsliste og kart over båtplassar ligg på uggdal-baatlag.no

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet tek årsmeldinga til vitende»


03/16 Rekneskapen 2015

[Opna i nytt vindauge for full størrelse]

[Last ned som PDF]

rekneskap aarsmoete2016

Samrøystes vedtak:

«Rekneskapen for 2015 vert godkjend slik han ligg føre»


04/16 Medlemskontingent

Samrøystes vedtak:

«Medlemskontingenten for 2016 vert sett til kr 300.»


05/16 Årsleige 2016

Dei siste åra har det vore ein tendens at båtane i anlegget er blitt større. Slik styret vurderer det er det difor naturleg at årsleiga vert differensiert ut frå breidde på disponert plass. Styret har gjort ein del tilpassingar for å utnytta bryggjekapasiteten maksimalt.

Styret la fram slikt forslag om differensiert årsleige, ut frå disponert breidde. Framlegget vart samrøystes vedteke:

«Årsleige for 3 m. båtplass i 2016 vert ikkje endra, og vil såleis framleis vera kr 1500.

3,75m. breidde kr 1 650

4,00m. breidde: kr 1 700

4,40m. breidde: kr 1 800

4,60m. breidde: kr 1 800

Satsane gjeld til Årsmøtet gjer nytt vedtak»


06/16 Innløysing av båtplass

Samrøystes vedtak:

«Medlemer som ikkje lenger ønskjer å disponera båtplassen sin, vil få refundert kr 43 000,- (3m – 3,75)) eller kr 48 000,- (4m) frå Uggdal Båtlag, ved overdraging til ny brukar. Summen vert utbetalt så snart ny brukar av plassen har betalt inn gjeldande depositum. Styret får fullmakt til å fastsetja depositum for dei andre aktuelle breiddene». 


07/16 Vedtekter

Årsmøtet 2015 bad styret om å koma med framlegg til nye hamnereglar. Ut frå dette har styret gått gjennom gjeldande vedtekter og forskrifter, og justert desse. Innhaldet i forskriftene er no innarbeidde i vedtektene og i dei nye hamnereglane.

Vedtekter for Uggdal Båtlag

Vedtekne på skipingsmøte i Grendatun den 21. februar 1977, med endringar på årsmøtet 10.3.1995 og ekstraordinært årsmøte 2. mai 1997, årsmøte 14.april 1998, årsmøte 25.03.04, årsmøte 11. mars 2005, årsmøte 9. mars 2007 og årsmøte 21. mars 2014 og 30. mars 2016.

§ 1

Uggdal Båtlag har til føremål å byggja og driva småbåthamn og samla medlemene sine om sams interesse for båtar, hamneanlegg og fri ferdsle på sjøen.

§ 2

Båtlaget er ope for alle. Ein melder seg inn til leiaren. Styret må godkjenna nye innmeldingar.

§ 3

Båtlaget har eit styre på 5 medlemer: Leiar, nestleiar, skrivar og to styremedlemer til. Styret har to varamedlemer. Årsmøtet vel leiar. Elles konstituerer styret seg sjølv.

§ 4

Lagspengar og leige av båtplassar vert kvart år fastsette av årsmøtet og skal betalast innan forfall. Året vert rekna frå 1. januar. Medlemer som ikkje har betalt lagspengar og leige i rett tid, kan styret seia ut or laget, og dei kan missa båtplassen sin..

Lagspengar og båtplassleiga skal brukast til vedlikehald av hamneanlegget, parkeringsplassar og utstyr, til administrasjonskostnader og til renter og avdrag på mogelege lån.

Vert det overskot skal dette tilførast eigenkapitalen.

Innskotet må vera betalt før båtplassen kan takast i bruk.

§ 5

Årsmøtet vert halde kvart år innan utgangen av april og vert kalla saman av styret med minst 14. dagars varsel.

Sakliste:

• Årsmelding og melding frå tillitsmenn.
• Rekneskap, fastsetjing av lagspengar og utleigepris for båtplass.
• Val av styre med 2 varamedlemer. Kvart år står skiftesvis 2 og 3 styremedlemer på val.
• Val av leiar.
• Val av valnemd på 3 medlemmer, med funksjonstid på 1 år.
• Val av 3 personar til vedlikehaldsgruppa
• Val av leiar i vedlikehaldsgruppa
• Ved alle val har dei som går ut, rett til å seie frå seg attval i like lang tid som dei har fungert.
• Innkomne framlegg.

Saker til årsmøte må ha kome inn til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.
Dersom styret eller minst 1/3 av medlemene krev det, kan det kallast inn til ekstra årsmøte. Medlemene skal då kallast inn med minst 1 vekes varsel.

§ 6

Styret skal arbeida ut framlegg til retningslinjer, lover og føresegner for bruk og drift av båthamna. Desse må godkjennast av det første årsmøtet etter at dei er laga.

§ 7

Årsmøtet kan med vanleg fleirtal melda laget inn eller ut av eit landslag eller forbund.

§ 8

Medlemer som ved åtferda si skadar båtlaget sin eigedom eller omdøme, kan ekskluderast av styret. Den ekskluderte kan anka saka inn for årsmøtet som har den siste avgjerda.

§ 9

• Oppseiing av båtplass må skje skriftleg til styret innan utgongen av kalenderåret.
• Overdraging til ny eigar må skje i samråd med styret.
• Ved overdraging av båtplass har medlemets barn og barnebarn førsterett til båtplassen, dernest medlemer på venteliste etter ansiennitet.
• Salspris for båtplass, årsleige og medlemskontingent skal vera den årsmøtet kvart år har fastsett. Medlemer som ikkje lenger ønskjer å disponera båtplassen sin, vil få refundert gjeldande depositum frå Uggdal Båtlag, ved overdraging til ny brukar.

• Medlemer som har båtplass kan sjølve leiga ut denne plassen til andre medlemer i Uggdal Båtlag. Utleigar er, også i utleigeperioden, sjølv ansvarleg for plassen sin. Oppgjer mellom utleigar og leigetakar skjer direkte mellom partane. Utleigar har ansvar for å melda frå til styret om kven som disponerer plassen.

§ 10

Alle medlemer beheld i utgangspunktet sin faste plass.

Flytting kan skje i samband med sal av båtplass eller etablering av nye båtplassar. Medlemene må elles sjølve gje melding til styret om at dei ønskjer å byta plass.

Standard breidde på båtplass er 3 og 4 meter (senter til senter). I samband med tilrettelegging for maksimal utnytting av total bryggjeplass kan styret gjera mindre justeringar.

§11

Endringar i desse lovene kan berre gjerast på vanleg årsmøte.

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet vedtek vedtektene slik dei ligg føre»


08/16 Hamnereglar

Årsmøtet 2015 ba styret om å leggja fram forslag til nye hamnereglar til årsmøtet 2016. Etter avtale med Lars Enes legg styret med dette fram eit forslag som i stor grad byggjer på gjeldane reglar i Tysnes Båthamn.

Hamnereglement

Merk at lagets vedtekter er overordna dette reglementet.

BÅTEIGAR PLIKTAR:
• Reinhald av eigne pongtongar og på gangbane og fortøyingsbom.
• Dugnadsinnsats i samsvar med eventuelle vedtak på årsmøtet.

Båtar i anlegget må vera ansvarsforsikra og ligg for eigars /leigars rekning og risiko.

Brukar av båtplassen er ansvarleg for skader på bryggje og fortøyingsbommar ut over det som kan seiast å vera normal slitasje.

Båtane skal fortøyast skikkeleg med gummiavfjøring for båtar over 20 fot og naudsynt spring. Det er ikkje tillate å bruka sjaklar eller kausar av rustfritt stål i fortøyingsfesta på brygga. Fortøy alltid for storm, helst med nylon (minimum 10mm).

Baugspryd og davitar skal ikkje stikka inn over hovudbrygge. Gummibåtar etc. skal ikkje lagrast på bryggja. Lagring av utstyr på flytebryggjene er ikkje tillate.

Den som disponerer båtplass er sjølv ansvarleg for fendring, anten frå båt eller av utriggar/bom .

Båtar som ligg i hamna skal vera sjødyktige. Båtar som ikkje er sjødyktige vil verta fjerna på eigar/leigars rekning.

Det skal vera ro i hamna etter kl.23.00. Vedlikehaldsarbeid som kan vera støyande, på anlegg og båtar, skal i sommarhalvåret berre skje mellom kl 08 – 22.00 I vinterhalvåret
mellom kl 08 – 20.00

Køyretøy skal berre parkerast på tilrettelagde parkeringsplassar. Langtidsparkering (meir enn 24 timar) på P-plass ved bryggjene, og plassering av eignelutar i fellesarealet er ikkje tillate. Ved parkering ut over 24 timar på den øvre P-plassen skal telefonnummer/kvittering for betalte medlemspengar liggja synleg ved frontruta.

Innan hamneområdet skal det køyrast med så låg fart at det ikkje oppstår fare for skade på person, båtar ,utstyr eller anlegg.

Orden og reinsemd i hamneområdet
Over alt i hamneområdet skal det til ei kvar tid vera orden og reinsemd. Fiskeavfall må Ikkje kastast / leggjast på land, heller ikkje anna avfall og skrot av noko slag.

Vedtektene og reglementet til båtlaget vert gjort kjent for alle medlemene, og dei pliktar seg ved medlemskapen sin til å følgja desse. Brot på vedtektene og reglementet, eller pålegg gjeve av styret i samband med dette, kan føra til eksklusjon og bortvising frå hamna.

Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn og straum kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig forbruk. Styret har høve til å fakturera for ekstraordinær straumbruk etter avtale med den enkelte båtplassbrukar.

Gjestebryggje

Utsida av Bryggje C er tenkt brukt som gjestebryggje i sommarhalvåret. Brukarane nyttar bryggja på eigen risiko, og pliktar å rydda opp etter seg. Grunna bølgje- og vindtilhøve i området, er det berre lov med ei båtrekkje.

Opphald i meir enn 48 timar skal avtalast med styret.

Tvistesaker.
Styret er tvisteinstans båteigarar i mellom.

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet godkjenner hamnereglane slik dei ligg føre»


08/16 Hamneavgift

Styret har drøfta om det vil vera naturleg å krevja inn hamneavgift av dei som brukar gjestebryggja. Det er vanskeleg å ha noko meining om dette før laget har fått kartlagd bruken av bryggja. I utgangspunktet er gjestebryggja meint som eit tilbod som kan skapa litt ekstra liv og røre i bygda, og sett i ein slik samanheng vil det vera uheldig å krevja inn avgift for bruk. Dersom det derimot vert så stor rift om plassane at ei hamneavgift kan fungera som regulerande og justerande for bruken, bør laget ha ein strategi for korleis eit slikt avgiftssystem skal kunna effektuerast. Uggdal Båtlag må då vega potensielle inntekter opp mot praktiske utfordringar ved gjennomføringa – til dømes innkrevjing av avgifta. Det er og råd å tenkja seg ei enkel, friviljug løysing, der gjester betalar/legg att pengar i boksen på kaien. Sidan gjestene også kan få tilgang til vatn og straum, kan det vera naturleg å vurdera ei differensiert avgift.

Samrøystes vedtak:

«Styret får fullmakt til eventuelt å fastsetja satsar for bruk av gjestebryggja etter å ha vurdert trafikkgrunnlaget og behovet for ei slik avgift».


09/16 Val

Framlegg til val av tillitsvalde frå valnemnda:

Styremedlemer

Michael Naunheim (attval - på val i 2018)

Oddvin Flornes (attval - på val i 2018)

Eirik Birkeland (attval - på val i 2018)

Rolf Øyjordsbakken (ikkje på val - på val i 2017)

Vidar Høviskeland (ikkje på val - på val 2017)

Varamedlemer:

Kato Stien (attval)

Ole Kristian Dalen (ny – Knut Hollekim går ut)

Leiar:

Vidar Høviskeland (attval)

Vedlikehaldsgruppe:

Magnus Inge Helland (attval)

Vidar Lid (attval)

John Birger Lid (attval)

Leiar vedlikehaldsgruppe:

Magnus Inge Helland (attval)

Rekneskapsførar:

Bjørn Inge Sætre (attval)

Valnemd:

Lars Torbjørn Bondhus (ny – Henrik Aakre går ut)

Else Marit Særsten (attval)

Rasmus Atle Dalen (attval)

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling.»