Last ned som [PDF] [DOCX]

Uggdal Båtlag, Postboks 8, 5695 UGGDAL uggdal-baatlag.no Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


UGGDAL BÅTLAG – ÅRSMØTE 2017

Det var kalla inn til årsmøte i Uggdal Båtlag onsdag 8. mars 2016. Møtet vart halde på kafeen i Grendatun mellom kl 18.00 – 18.30. Medlemene var kalla inn per e-post og vanleg post. Sju medlemer møtte fram.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

  2. Årsmelding 2016

  3. Rekneskapen 2016

  4. Medlemskontingent

  5. Årsleige og depositum

  6. Val

  7. Innkomne saker


01/16 Innkalling og sakliste

Samrøystes vedtak:

«Ingen merknader til innkalling og sakliste».


02/16 Årsmelding 2016

I meldingsåret vart det halde tre styremøte, to av desse med synfaringar i anlegget. Referata frå styremøta ligg på uggdal-baatlag.no.

Laget hadde ved årsskiftet 139 medlemer. Av desse disponerer 117 båtplass. Ingen av dei som står på venteliste per 31.desember 2016 har signalisert at dei ønskjer båtplass. Mange av dei som står på venteliste står der av di dei då, ut frå vedtektene, har høve til å leiga plass i anlegget. Fire plassar er 3,75 og16 plassar er fire meter frå sentrum til sentrum, ein plass er 4,40 og ein plass 4,60. Alle dei andre er tre meter.

I meldingsåret vart alle båtplassar merkte med nye metallskilt.

I meldingsåret rydda laget i sprukne og rusta røyr som tidlegare hadde ført til mykje overflatevatn på den øvre parkeringsplassen. Dette reduserte problemet med overflatevatn, men det må framleis gjerast ein del maskinarbeid på plassen. Fleire firma er kontakta, men har ikkje starta arbeidet enno.

Alt lagra materiell som var lagra i mølla er no rydda vekk, og mykje boss er kjørt bort.

Styret/vedlikehaldsgruppa har purra på røyrleggjar til kopling av vatn i Bryggje C.

Nokre av medlemene har brukt straum til oppvarming i vinterhalvåret 15/16.. Dette har ført til ei vesentleg høgare straumrekning i 2016 enn tidlegare år. I hamnereglementet heiter det: «Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn og straum kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig forbruk. Styret har høve til å fakturera for ekstraordinær straumbruk etter avtale med den enkelte båtplassbrukar.»

For mange båtlag er rapportering av ekstraordinært straumbruk i utgangspunktet ei tillitssak. Andre har installert målarar som vert monterte inn på lyssøyla – dei kostar i overkant av tusen kroner per stk. Styret vil be medlemer som brukar straum til oppvarming om å melda frå om dette, i tillegg til at styret tek stikkprøvar og fakturerer på grunnlag av desse. Alternativt kan laget montera målarar, men dette er ikkje aktuelt i første omgang. Typisk oppvarming per stor båt med termostat på 10 grader vil vera 2000 – 4000 kwt kvar vinter. Per 26. november 2016 låg 5 båtar med tilkopla straum . Meirforbruk i 2016 er nær 9 000 kwt meir enn i 2015. Uggdal Båtlag vil be om at dei som ligg tilkopla betalar inn ein estimert sum etter denne første vinteren der betaling har vore aktuelt.

Uggdal Båtlag har avtale om årviss sjekking av fortøying/ankring av anlegget med Marinegruppen. Avtalen gjeld fram til sommaren 2017. Trond Helland i Marinegruppen stadfestar at dei sist kontrollerte anlegget sommaren 2016. (Årsmøtet vart orientert om at Marinegruppen også kontrollerte anlegget i mars 2017, og fann ein del svake punkt som styret har bestilt ordna). Styret er innstilt på å la Njord Aqua A/S overta ansvaret med å sikra ankring/ fortøyingar frå hausten 2017.

Styret vurderer økonomien i laget som tilfredsstillande. Dei medlemene som ved årsskiftet ikkje hadde betalt årsavgift for tidlegare år, vart strokne som medlemer i februar i år. Ved ny innmelding må desse opparbeida ny ansiennitet på medlemslista

Styret arbeider for tida med å setja opp eit «minihus» på P-plassen, med plass til noko verktøy og reservedelar. Det enklaste vil vera å setja opp eit skap i tre ved/sør for lyktestolpe/straummålar. Det er meininga å samla alle skilt til veggen på reiskapshuset/skapet. Det bør og kjøpast inn ei livbøye som kan monterast på denne veggen. Skilt om at vedtekter og hamnereglar finst på uggdal-baatlag.no er kjøpt inn for montering på «huset».

Når styret eller andre ser båtar som har slite seg eller er i ferd med å slita seg laus, er det viktig å ha ein taustump tilgjengeleg for å sikra båten mellombels. Tau bør difor vera tilgjengeleg i anlegget. Taulengder vil bli passerte i /ved reiskapshuset.

Landgangane i dei to eldste bryggjene kan til tider vera svært glatte, og lette å skli på. Styret arbeider for tida med å finna ei løysing på dette.

Styret vurderer også innkjøp og montering av hjartestartar i anlegget.

Uggdal Båtlag ønskjer å arrangera eit spleise/fortøyingskurs. Kurset skal vera ope for både medlemer og ikkje-medlemer, men prinsippet er at medlemer og ikkje-medlemer betalar ulik kursavgift.

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet tek årsmeldinga til vitende»


03/16 Rekneskapen 2016

ub rekneskapen2017

Framlegg til vedtak frå styret:

«Rekneskapen for 2016 vert godkjend slik han ligg føre»


04/16 Medlemskontingent

Samrøystes vedtak:

«Medlemskontingenten for 2017 vert sett til kr 300.»


05/16 Årsleige 2016

Årsmøtet 2016 vedtok å differensiera årsleiga ut frå breidde på disponert plass.

Styret gjer framlegg om å halda på dei same satsane som i 2016:

«Årsleige for 3 m. båtplass i 2017 vert ikkje endra, og vil såleis framleis vera kr 1500.

3,75m. breidde kr 1 650

4,00m. breidde: kr 1 700

4,40m. breidde: kr 1 800

4,60m. breidde: kr 1 800

Samrøystes vedtak

«Årsmøtet ønskjer å halda på gjeldande satsar for årsleige og depositum. Satsane gjeld til Årsmøtet gjer nytt vedtak»


06/16 Val

Framlegg til val av tillitsvalde frå valnemnda:

Styremedlemer

Michael Naunheim (ikkje på val- på val i 2018)

Oddvin Flornes (ikkje på val - på val i 2018)

Eirik Birkeland (ikkje på val - på val i 2018)

Rolf Øyjordsbakken (attval - på val i 2019)

Kato Stien (ny - på val 2019)

Varamedlemer:

Ole Kristian Dalen (attval)

Ove Vermedal (ny 2017)

Leiar:

Kato Stien ( ny 2017)

Vedlikehaldsgruppe:

Magnus Inge Helland (attval)

Vidar Lid (attval)

John Birger Lid (attval)

Leiar vedlikehaldsgruppe:

Magnus Inge Helland (attval)

Rekneskapsførar:

Bjørn Inge Sætre (attval)

Valnemd:

Lars Torbjørn Bondhus (attval)

Vidar Høviskeland (ny 2017)

Rasmus Atle Dalen (attval)

Samrøystes vedtak:

«Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling.»


7/12 Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker