Tid: 19.30 – 21.00
Stad: Heningen 

Til stades:
Eirik Birkeland, Oddvin Flornes, Rolf Øyjordsbakken, Knut Hollekim, Vidar Høviskeland
 

13/14 Skriv og meldingar
-melding frå vedlikehaldsgruppa om at det no er lys på begge bryggjene og at vatnet er skrudd av for vinteren
-informasjon om oppfølging av P-plass/Runes maskin
-informasjon om «nestenforlis» under ein storm i oktober.
-ny bryggje - godkjenning frå Tysnes kommune/eksterne etatar

14/14 Ny bryggje (Bryggje C)
Styret søkte i september Tysnes kommune om dispensasjon frå FFNE-føremålet (ferdsle-, fiske-, natur og friluftsområde) og om løyve til å utvida eksisterande bryggjeanlegg. Tysnes kommune tilrådde søknaden og det har ikkje kome inn merknader frå eksterne etatar (Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune).

Dette betyr at båtlaget kan prosjektera ei bryggje C, med tilkomst via ein kaipromenade langs fjellet. Kaipromenaden er eit felles tiltak mellom grunneigar og båtlaget, og det skal lagast ein avtale som fordeler ansvar og kostnader med dette prosjektet.
Grunneigar er svært positiv til planane om ei ny Bryggje C, men meiner båtlaget alt no må ta høgde for at det om nokre år kjem eit nytt byggjefelt i nærområdet – og det det såleis vil bli behov for langt fleire båtplassar i åra som kjem.

I e-post dagsett 11. september skriv grunneigar (utdrag):
« Vi må på eit eller anna tidspunkt formalisera ein avtale mellom grunneigar/underteikna og båtlaget. (…) eit eige moment ift utvidingar, må vera at framtidige husetablerarar i nærområdet (Heningen/Sveo) får tilbod om å kjøpa seg båtplassar.

Difor ber eg om at båtlaget i sine framtidsplanar finn ein strategi som gjer at laget kan tilby i storleiken 30 båtplassar. Det er i dag realistisk å tenkja seg at byggefelta ovanfor kan realisera eit slikt behov innafor perioden 2017-2022».

Oppmoding om å ta omsyn til det nye byggjefeltet vil truleg føra til at Uggdal Båtlag må søkja om ny dispensasjon.
Oddvin informerte om møte med Marinegruppen omkring praktisk gjennomføring og økonomiske konsekvensar av eit eventuelt nytt bryggjeprosjekt. Oddvin informerte også om møte med Andersland Bygg om bygging av strandpromenade langs fjellet.

Styret tek utgangspunkt i at heile prosjektet vil kosta om lag 1,67 millionar (930’ betong, 540 utliggjarar, og 200’ kaipromenade). Dette er føresett 3 stk straum-/vatnsøyler i staden for 8 stk som er oppført i tilbod. Framføring og tilkopling av vatn og straum til dei nye bryggene er ikkje med. (Dugnad ?)
Finansiering er tenkt dekka av eksisterande båtplasseigarar, jfr. årsmøtevedtak 2014, med kr. 5000,- pr. stk. og resten av nye båtplasser med ca kr. 43.000,- for 3m og ca kr. 48.000 for 4m. Endelege prisar for nye plassar må fastsetjast når ein veit kor mange som ynskjer 4m plass.
Pris for eksisterande båtplassar er tenkt oppjustert til same verdi som dei nye.

Framdrift:
Leiar sender brev med tilbod om plass i ny bryggje. Brevet, med bindande svarslipp, går til alle som per i dag står på venteliste. Det må takast atterhald om at så godt som alle plassane må vera selde for at prosjektet kan gjennomførast. Styret ber om svar innan månadsskiftet januar/februar.

Nytt styremøte må haldast når ein har fått inn svarslippar og soleis oversikt over antal plasser som er bestilt.

Faktura for årsavgift for dei nye plassane vil verta sendt ut etter at bryggjene er lagt ut og klar til bruk (halv pris for 2015 – slik me gjorde i fjor?)

15/14 Årsmøte 2015
Årsmøte vert halde i Grendatun 19. mars kl. 18.00 (må tilpassast eventuell vegstenging). Huset er tinga. 

Innstillingar til Årsmøtet  2015:
Styret rår til at kontingent for 2015 vert uendra, kr 250 per år

Styret rår til at årsleige båtplass for 2015 vert uendra, kr 1500
Styret rår til at Årsmøtet differensierer prisen på leige av båtplass ut frå storleik slik ein gjer det i dag. Under føresetnad av at Bryggje C vert realisert, og at dei prisoverslaga som har kome inn er realistiske, vil styret rå til at  prisen på 3m (senter til senter)  skal vera kr 43 000 og 4m (senter til senter) kr 48 000.
Valnemnda er i gang med arbeidet sitt.

16/14 Fullmakt
Styret vedtek at styreleiar (for tida Vidar Høviskeland) skal ha tilgang til alle saldoopplysningar på båtlaget sine konti i Tysnes Sparebank.