Referat frå styremøte i Uggdal Båtlag 7 august 2014

Tid: 17.30 – 18.30
Stad: Heningen

Til stades:

Eirik Birkeland, Oddvin Flornes, Michael Naunheim (frå sak 9), Vidar Høviskeland

08/14 Skriv og meldingar
 

           -Vidar orienterte om økonomien i laget 
           -Styret drøfta rutinar for fjerning av feilparkerte båtar i anlegget. Det har kome inn melding om at ein båt ligg feilparkert per i dag. Oddvin undersøkjer saka.

09/14  Webhuset - feilfakturering

Webhuset var leverandør av nettside og e-postkonto for Uggdal Båtlag fram til 2013. Då vart avtalen sagt opp, noko Webhuset ikkje aksepterte. Då laget fekk ny faktura frå firmaet for 2014 og framleis nekta å akseptera oppseiinga, fann styret det nødvendig å nekta å betala faktura – og saka går såleis truleg vidare til forliksrådet.

Samrøystes vedtak:
 

«Følgjande skriv vert å senda til Lindorff:

Gjeld sak 23092160 hos Lindorff - Uggdal Båtlag vs Webhuset 

Styret i Uggdal Båtlag har drøfta saka per e-post (sidan det er ferietid), og medlemene har litt ulikt syn på saka: Nokre meiner at sidan summen er så låg, bør laget betala og få saka ut av verda. Andre meiner at nettopp av di det kanskje er slike vurderingar som ligg bak kravet frå Webhuset, bør me ikkje godta kravet. Etter å ha snakka med advokat har eg landa på at me ikkje kan godta kravet. Advokaten var klar på at så lenge me kan dokumentera at Webhuset skriftleg (per e-post) har svart på  oppseiingsbrevet vårt, har me ei god sak. 

For å oppsummera: Avtalen med Webhuset om drifting av Uggdal Båtlags nettside og e-postkonto vart sagt opp skriftleg  i 2013, men sidan Webhuset hevda at oppseiinga kom for seint, valde me likevel å betala for resten av dette året. (2013.) I april 2014 kom det ny faktura - for 2014. Då viste me til oppseiinga i 2013, samtalar og e-post frå 2013 og minna om at avtalen var oppsagd, og at faktura for 2014 ikkje ville bli betalt. Dette gjorde båtlaget FØR forfall.

Webhuset svarar (per e-post) at dei ikkje har motteke oppseinga på forskriftsmessig måte - med det meiner dei altså frå ein e-postadresse me ikkje har brukt etter oppseiinga, og har sendt fakturaen til Lindorff for rettslig innkasso.

Webhuset etablerer ein ny og ganske merkeleg praksis dersom dei meiner at skriftlege oppseiingar av avtalar ikkje gjeld.  Det er freistande å køyra saka i forliksrådet, med tanke på andre frivillige lag og organisasjonar som blir utsett for liknande forretningsetikk. Sidan underteikna er leiar av Tysnes forliksråd, må saka gå i ein annan rettsinnstans. Det vil truleg føra til ein del reisetid og tapt arbeidsforteneste, som båtlaget bør leggja inn som eit motkrav når saka kjem opp.

Mvh
Vidar Høviskeland
styreleiar Uggdal Båtlag»

10/14  Parkeringsplass - kva skjer? Oddvin og Vidar orienterer

Avtalen med utleigar Annbjørg Legland er underskriven.
I sommarsesongen har det vore så mange bilar på P-plassen at det ikkje har vore råd å starta dreneringsarbeidet, som Runes Maskin har teke på seg å utføra. Oddvin tek opp att kontakten med entreprenøren så snart sesongen er over.
Vidar får ansvar for å få laga eit skilt om at P-plassen er reservert for medlemer i Uggdal Båtlag.

11/14  Bryggje C - framdrift   

Oddvin orienterte om framdrifta i «Bryggje C»-saka. Søknaden til kommunen vert sendt i august. Styret føreset at Asbjørn Myklestad står som formell utbyggjar av veg frå slipp og ut til feste for Bryggje C/eventuelt for veg/sti rundt heile Eianeset. Vidar avklarar dette med Asbjørn.

12/14  Eventuelt

Styret drøfta om prisskilnaden på 3. og 4 meters bryggjeplass bør justerast. Styret ønskjer å koma tilbake med ei sak på dette ved eit seinare høve.