Referat frå styremøte i Uggdal Båtlag 09.04.2015

Tid : 18.00 – 19.00
Stad : Heningen

Til stades :
Oddvin Flornes, Michael Naunheim, Knut Hollekim, Kato Stien, Vidar Høviskeland


04/15 Skriv og meldingar

Vidar orienterte om påmelding/tinging Bryggje C etter sist styremøte

Oddvin har drøfta sikring av skråning på P-plass og ferdigstilling av ny P-plass med Runes Maskin.

Vidar lagar utkast til hamnereglement til neste styremøte.


05/15 Framdrift Bryggje C
Styret har som mål at Bryggje C skal stå ferdig til 1. juli i år.

Melding om ledige båtplassar i Bryggje C ligg no ute på Tysnesingen og som annonse på Tysnesbladet.no og i bladet Tysnes 8. april.

78 m er no tinga, og 1 person står på venteliste (3m). Dei siste metrane vert ikkje skrivne kontrakt på før laget får kartlagt kor langt inn mot land den inste utliggaren kan leggjast.

Oddvin har snakka med tre medlemer som aksepterer å flytta frå Bryggje A for å gi plass til to større båtar.

Styret godkjende kontrakten med Marine Gruppen . Kontrakten er signert og produksjonsarbeidet er i gang, med nokre små justeringar som Marine Gruppen har akseptert.

Oddvin drøftar vidare ferdigstilling av «strandpromenaden» med aktuelle leverandørar, og held kontakt med grunneigar om utforming og økonomiske føringar for arbeidet.

Promenaden vil ta ein del av slippen, som difor bør «skøytast» på. Dette vert drøfta nærare på neste styremøte.

Lys og vatn i Bryggje C er tenkt løyst gjennom dugnadsarbeid. Det er nødvendig å ha lys på plass så snart som råd.

Kontakt mellom styremedlemene i tida frametter skjer først og fremst ved at ein held kvarandre oppdatert per e-post.