Last ned PDF.


UGGDAL BÅTLAG – ÅRSMØTE 2015 - REFERAT
 
Torsdag 19. mars 2015 var det kalla inn til årsmøte i Uggdal Båtlag. Møtet vart halde i Grendatun, mellom 18.00 og 19.30. Medlemene var kalla inn per e-post og vanleg post.
15 medlemer møtte fram.


Sakliste:

1) Innkalling og sakliste
2) Årsmelding 2014
3) Rekneskapen 2014
4) Medlemskontingent
5) Årsleige
6) Salspris båtplass
7) Vidare utviding av anlegget (Bryggje C)
8) Val 


01/15    Innkalling og sakliste

 Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste. 


02/15    Årsmelding 2014

I meldingsåret vart det halde tre styremøte, to av desse med synfaringar. Referata frå styremøta ligg på uggdal-baatlag.no.

Laget hadde ved årsskiftet 132 medlemer. Av desse disponerer 93 båtplass. 10 plassar er fire meter frå sentrum til sentrum, dei andre er tre meter. 20 personar av dei som står på venteliste har signalisert at dei ønskjer båtplass, men det er i skrivande stund berre tinga 14 plassar i den nye Bryggje C. Berre personar som står på venteliste har fått tilbod om ny båtplass i Bryggje C, men det er sjølvsagt også muleg for andre medlemer å teikna seg.

Det store løftet i meldingsåret var sluttføringa av utviding av anlegget . 22 nye båtplassar vart «skøytte på» Bryggje A og Bryggje B i 2014.

Årsmøtet 2014 viste til dei tøffe vertilhøva på utsida av Bryggje B, særleg om vinteren, og ba styret om å arbeida vidare med å få lagd ut  ei ny Bryggje C, med båtplassar berre på innsida (sjå sak 7). Utsida av Bryggje C skal fungera som bølgjebrytar og verna heile anlegget.

I oktober 2014 «nesten-forliste» fleire båtar på utsida av Bryggje B.

Det er viktig at medlemene har forståing for at dei som har båtplass har sikra seg ein rett til ein del i anlegget, men at plasseringa seinare kan bli endra av styret – men eit årsmøte må då først justera vedtektene. Dette kan bli ein realitet dersom det no syner seg ikkje å vera stor nok interesse for å byggja ei ny bryggje/bølgjebrytar. Det er og viktig at dei som har plass på utsida av Bryggje B, legg båten lenger inn i anlegget dersom han skal liggja ute om vinteren. 

Det er no sett opp lys på begge bryggjene. Vatnet vert rutinemessig kopla av om vinteren, men vert kopla inn att til våren.
Dei nye parkeringsplassane vart ferdigstilte våren 2014, men styret har peika på at arbeidet ikkje er tilfredsstillande utført, og har bedd entreprenøren om å sluttføra oppdraget. Det er inngått leigeavtale med grunneigar.

Oppdatert medlemsliste og kart over båtplassar ligg på uggdal-baatlag.no 

Samrøystes vedtak:
«Årsmøtet tek årsmeldinga til vitende»

rekneskapen 2014

 

03/15 Rekneskapen 2014

Samrøystes vedtak:
«Rekneskapen for 2014 vert godkjend utan merknader»


04/15    Medlemskontingent

Samrøystes vedtak:
«Medlemskontingenten for 2015 vert som før, kr 250.»


05/15 Årsleige 2014

Samrøystes vedtak:
«Årsleiga for båtplass i  2015 vert ikkje endra, og vil såleis vera kr 1500.» 


06/15 Innløysing av båtplass

Samrøystes vedtak: 

«Medlemer som ikkje lenger ønskjer å disponera båtplassen sin, vil få refundert kr 35 000,- (3m) eller kr 40 000,- (4m) frå Uggdal Båtlag, ved overdraging til ny brukar.»

Dersom/så snart Bryggje C vert realisert gjeld følgjande:

«Medlemer som ikkje lenger ønskjer å disponera båtplassen sin, vil få refundert kr 43 000,- (3m) eller kr 48 000,- (4m) frå Uggdal Båtlag, ved overdraging til ny brukar.». 


07/15 Utviding av anlegget – ny Bryggje C
 

Styret vurderer bryggjeanlegget slik det no framstår som svært bra, etter utviding og tilrettelegging med straum, vatn og betre parkeringstilhøve.  Båtlaget  har likevel eit par utfordringar . Båtplassane på utsida av Bryggje B er svært utsett for bølgjer/ver og har såleis dårlegare kvalitet enn dei andre plassane, som ligg skjerma. Fleire ynskjer båtplass, og det er meldt behov også i samband med tilrettelegging av nye byggjefelt i Uggdalsbygda.

 Ei løysing på dette kan altså vera å utvida anlegget med ei Bryggje C på utsida av eksisterande anlegg. Dette vart drøfta på årsmøtet i 2014, og styret fekk då fullmakt til å arbeida vidare med saka..

 Grunneigar har stilt seg positiv til vidare utviding med landfeste på Eidaneset, og gangveg ut til dette festet. Eit nytt utlegg vil skaffa frå 21 – 28 nye båtplassar. Styret ser då for seg ei løysing med litt kraftigare bryggjer/bølgebrytarar enn dagens, med båtplassar berre på innsida. 

Styret har fått prisoverslag på ferdig oppankra anlegg av same kvalitet som gjestebryggjene i Våge. Desse går litt djupare i sjøen og er tyngre enn dei  Uggdal Båtlag har i dag. 

Når det gjeld prinsippet for finansiering av ei slik utviding, ser styret for seg at dette må bli ei deling mellom nye båtplassar og eksisterande. Dette sidan formålet med utvidinga er todelt; bølgjebrytar til nytte for alle og  nye plassar berre på innsida. 

Uggdal Båtlag har fått dispensasjon frå FFNE-føremålet (ferdsle-, fiske-, natur og friluftsområde) i reguleringsplanen for området, utan merknader frå Tysnes kommune, Hordaland fylkeskommune eller Fylkesmannen i Hordaland.

Dette betyr at båtlaget no kan prosjektera ei Bryggje C, med tilkomst via ein kaipromenade langs fjellet. Kaipromenaden er eit felles tiltak mellom grunneigar og båtlaget, og det skal lagast ein avtale som fordeler ansvar og kostnader med dette prosjektet.
Grunneigar er svært positiv til planane om ei ny Bryggje C, men meiner båtlaget alt no må ta høgde for at det om nokre år kjem eit nytt byggjefelt i nærområdet – og at det såleis vil bli behov for langt fleire båtplassar i åra som kjem. Styret har sett på ulike modellar som kan nyttast i framtidige eventuelle utvidingar, men meiner at Uggdal Båtlag ikkje har høve til å forskottera ei slik utbygging. Dette må vera eit ansvar for grunneigar/utviklar/entreprenør/kjøpar i byggjefelta. Ei slik utviding føreset også ein ny dispensasjonssøknad.
Prisoverslag viser at heile prosjektet med ei ny Bryggje C vil kosta om lag 1,67 millionar (930’ betong, 540 utliggjarar, og 200’ kaipromenade). Dette inkluderer tre straum-/vassøyler. Framføring og tilkopling av vatn og straum til dei nye bryggene er ikkje med – styret rår til at dette eventuelt vert gjort som dugnadsarbeid.

Finansiering er tenkt dekka av eksisterande båtplasseigarar, jfr. årsmøtevedtak 2014, med kr. 5000,- pr. stk. og resten av nye båtplassar med kr. 43.000,- for 3 m og kr. 48.000 for 4 m. Pris for eksisterande båtplassar er tenkt oppjustert til same verdi som dei nye (jf vedtak i sak 6/15). 

I januar 2015 vart det sendt brev med tilbod om plass i ny bryggje. Brevet, med bindande svarslipp, gjekk til alle som per i dag står på venteliste. I brevet vart det teke atterhald om at så godt som alle plassane må vera selde for at prosjektet kan gjennomførast. Det gjekk ut purring per e-post til dei som tidlegare har sagt frå om at dei ønskjer plass, men ikkje hadde tinga, med svarfrist 15. mars.
Per 19. mars var det kome inn 17 signerte avtalar.

Samrøystes vedtak:

«Uggdal Båtlag ønskjer å  leggja ut ei ny Bryggje C. Styret får fullmakt til å arbeida fram ein modell som kan realiserast med det  økonomiske grunnlaget  som ligg føre.  Dei ledige plassane vert annonsert på nett,  gjerne visualisert gjennom ein modell som viser korleis anlegget vil stå fram når det er ferdig.

Årsmøtet aksepterer prinsippet om at medlemer som ønskjer å sikra seg fleire båtplassar, kan knyta desse opp mot til dømes gards- og bruksnummer, men at ventelisteprinsippet og forkjøpsrett i tråd med vedtektene også gjeld for slike plassar. Det er såleis ein føresetnad at eventuelt vidaresal av slike båtplassar skal skje gjennom båtlaget, og ut frå ventelisteprisippet.

Styret i Uggdal Båtlag får fullmakt til å ta opp lån, stort inntil kr 300 000, med pant i båtlaget sine eignelutar, for å sikra forsvarleg framdrift i prosjektet.» 


08/15    Val

Framlegg til val av tillitsvalde frå valnemnda:

Styremedlemer:
Michael Naunheim (ikkje på val - på val i 2016)

Oddvin Flornes (ikkje på val - på val i 2016)
Eirik Birkeland (ikkje på val - på val i 2016)
Rolf Øyjordsbakken (attval - på val i 2017)
Vidar Høviskeland (attval - på val 2017) 

Varamedlemer:
Knut Hollekim (attval)
Kato Stien (attval). 

Leiar:
Vidar Høviskeland (attval)   

Vedlikehaldsgruppe:
Magnus Inge Helland (attval)
Vidar Lid (attval)
John Birger Lid (ny)

 Leiar vedlikehaldsgruppe:
Magnus Inge Helland (attval) 

Rekneskapsførar:
Bjørn Inge Sætre (attval) 

Valnemd:
Henrik Aakre (attval)
Else Marit Særsten (attval)
Rasmus Atle Dalen (attval)


Framlegg til vedtak:
«Årsmøtet slutta seg til valnemnda si innstilling.»
 


09/15 Ymse

 Styret fekk elles med seg ein del nyttige signal frå årsmøtet:

-På  Årsmøtet 2016 bør styret presentera eit framlegg til forenkla vedtekter, og nye hamnereglar for anlegget
-Vedtektene  bør vera lettare å finna på uggdal-baatlag.no
-Årsmøtet vart orientert om problem med  lausmassar i skjering ved P-plass. Årsmøtet vart gjort kjend med at plassen kan bli stengd i periodar fram til oppryddinga er ferdig.