Referat frå styremøte Uggdal Båtlag 19. mai 2016 17.00 – 18.00

Møtestad Heningen. Etter møtet var det synfaring i anlegget.

Til stades: Rolf Øyjordsbakken, Eirik Birkeland, Magnus Inge Helland, Eirik Birkeland, Oddvin Flornes, Michael Naunheim, Vidar Høviskeland

01/16 Økonomi

Per 19. mai har Uggdal Båtlag kr 305 000 på konto. I utgangspunktet er det ingen uteståande rekningar, men ein del uklåre signal frå Marine Gruppen om faktura etter sjekk av fortøyingar mm hausten 2015.

Det har ikkje kome kommentarar på auke av årskontingent.

02/16 Medlemssituasjonen

Uggdal Båtlag har no 147 medlemer. 30 av desse står på venteliste; av desse ventar reelt to-tre på båtplass. Etter årsmøtet har det kome nokre utmeldingar og det har kome til tre nye medlemer.

03/16 Vedlikehald

Noko dreneringsarbeid på den øvre parkeringsplassen står att. Sameleis står det att ein del reinsking av skjering på den nedre parkeringsplassen. Oddvin held kontakten med entreprenør.

Harald Kaastad vil ha båtlaget sitt utstyr ut av mølla. Han meiner mykje kan køyrast i Erdalen som boss, og at me må finna ein ny stad å lagra resten.

Rolf tek ansvar for å få sett opp eit mindre reiskapsskur ved P-plassen, og Eirik (som har tilhengar) og Magnus Inge organiserer bosskøyring til Erdalen.

Det er praktisk om veggen på det nye skuret kan brukast som oppheng for monter/ oppslagstavle. Hamnereglement og kart over båtplassar vert å skriva ut i A3-format, laminert og hengt opp på nytt reiskapsskur.

Skilt om at vedtekter og hamnereglar finst på uggdal-baatlag.no vert levert første veka i juni og bør og monterast på skuret. (NB: Etter styremøtet var Vidar på synfaring saman med grunneigar. Grunneigar meiner det vil vera uheldig å plassera boden mot nord, av di dette er den einaste plassen der det er råd å snu ein bil med båthengar. Den beste plasseringa vil truleg vera til venstre for/sør for målarskapet, over grøfta og inn mot fjellveggen.)

Vidar har snakka med Audun Tho som tek på seg arbeidet med tilkopling av vatn i Bryggje C. Men før dette skjer vil Eirik tre vasslangen til C-bryggja på nytt – under gangvegen.

Michael hentar inn pris på nummerskilt (til båtplassane) som kan monterast på bryggjene. Dersom dette ikkje vert for dyrt, bør det monterast på alle bryggjene.

04/16 Årvisst tilsyn/kontroll med fortøyingar med meir

Marine Gruppen gjekk i fjor haust over alle fortøyingar og ankerfeste i anlegget og utbetra det som måtte utbetrast. Det er inngått munnleg avtale med Marine Gruppen om årleg tilsyn/vedlikehald av ankerfesta til alle bryggjene. Dette arbeidet vert gjort med bruk av dykkarar. Laget må budsjettera med at avtalen kjem til å føra med seg årvisse driftskostnader framover.

Våren 2016 har Njord Aqua bedd om få gi tilbod på tilsvarande årvisst arbeid. Tilbodet vart presentert for styret i møtet 19. mai.

Uggdal Båtlag har enno ikkje fått rapport/video frå arbeidet som vart utført hausten 2015, og vil venta med å ta stilling til kva som skal gjerast vidare til dette ligg føre.

05/16 Sats for dugnadsarbeid

Samrøystes vedtak:

«Sats for dugnadsarbeid vert heva til kr 200 per time, gjeldande frå 20 mai 2016»

06/16 Hjartestartar

Eirik førebur sak om innkjøp og montering av hjartestartar til neste møte.

07/16 Tilpassing av kamera og internett

Vidar har vore i kontakt med Øyvind Hope som har lova å justera kameraet, fjerna passord på uggdal-baatlag.no og senda inn melding om opptak i området (bruk av minnekort) til Datatilsynet, ein av dei første dagane.