Referat frå styremøte i Uggdal Båtlag 30.03.2015 

Tid : 18.00 – 19.30
Stad : Heningen


Til stades
:

Oddvin Flornes, Michael Naunheim, Knut Hollekim, Vidar Høviskeland


01/15 Skriv og meldingar

Vidar orienterte om påmelding/tinging Bryggje C etter årsmøtet.

Vidar lagar utkast til hamnereglement til neste styremøte.


02/15 Steinsprang frå skråning over P-plass

I mars gjekk det eit steinsprang frå skråninga ved P-plass. Dette førte til skader på ein parkert bil. P-plassen vart sperra av politiet/kommunen til plassen var rydda. Forsikringsselskapet konkluderte med at dette var eit hendeleg uhell som skuldast ekstremvêr.

Seinare har Roald Nesse kontrollert skråninga. Han registrerte ein del lausmasse og småstein, som han tilrår vert fjerna.

Oddvin tek kontakt med Runes Maskin/eventuelt andre aktuelle entreprenørar om dette (og om oppfølging/sluttføring av den nye P-plassen).


03/15 Framdrift Bryggje C

På årsmøtet fekk styret fullmakt til å arbeida vidare med Bryggje C, og til å ta opp lån dersom dette er nødvendig. Alle plassane er ikkje tinga enno, men årsmøtet/styret legg til grunn at interessa vil ta seg opp når byggjeaktiviteten kjem i gang. Styret har som mål at Bryggje C skal stå ferdig til 1. juli i år.

Melding om ledige båtplassar i Bryggje C ligg no ute på Tysnesingen og er tinga som annonse på Tysnesbladet.no og i bladet Tysnes 8. april.

Styret var positive til søknader frå to medlemer som ønskjer større opning enn 4m. Målet er å kunna tilby plass til desse i Bryggje A, men dette føreset at at tre medlemer på innsida av Bryggje A byter plass. Prinsippet vil då vera at desse plassane betalar høgare båtleige, og at eventuelle meirkostnader med utliggarar etc vert dekte av brukar.

Oddvin snakkar med medlemer med plass i Bryggje A om eventuell flytting i anlegget – slik at det vert plass til dei to større båtane.

Michael held kontakten med aktuelle leverandørar om tilbod på ny bryggje og gangpromenade ut til Bryggje C.

  Styret kjenner til at grunneigar gjerne vil ha «skjørt» langs gangpromenaden. Dette vil gjera promenaden dyrare. Oddvin drøftar praktiske og økonomiske løysingar med grunneigar.

Promenaden vil ta ein del av slippen, som difor bør «skøytast» på. Dette vert drøfta nærare på neste styremøte.