14/15 Utviding av anlegget

 Bryggje C er ferdig montert og på plass. Dermed har laget fått 25 nye båtplassar og høve til gjestebryggje på utsida om sommaren. Straum på Bryggje C er montert, og det er sett opp seks lyssøyler for å markera bryggja (sjå sak 12/15). Det er og montert støpsel til bruk for dei som disponerer plassane. Utvidinga førte til at det måtte gjerast ein del elektrisk arbeid i sikringsboksen og elles, men dette er no gjort i samråd mellom vedleikehaldsgruppa og Tiko. Pullertar for fortøying av gjestebåtar på utsida av Bryggje C er montert. Vatnet i Bryggje C vert ikkje kopla til før til våren, og vatnet i dei to andre bryggjene er stengd av for vinteren. 

Avtale med grunneigar om utviding av område er underskriven og effektuert, og det er laga ny gangveg frå Bryggje B til Bryggje C (sjå sak 13/15).  Sidan den nye gangstien langs fjellet tok ein del av det gamle opptrekket, måtte slippen utvidast (sjå sak 09/15). I samband med dette arbeidet vart også landfesta på Bryggje B sikra betre. Det har kome mange positive tilbakemeldingar på dette arbeidet.

15/15 Videoovervaking og internett (sjå sak 10/15)

 Eit videokamera er installert i gavlen på grunneigar sitt naust. Dette er gjort etter avtale med grunneigar. Videoovervaking av offentlege område føreset tydeleg skilting - og to skilt om kameraovervaking i heile området vert levert frå bladet Tysnes 9. desember. Eitt av desse skilta vil nausteigar montera på naustet der kameraet står, det andre skiltet må monterast godt synleg i anleggsområdet. Kameraet kan setjast opp med minnebrikke som «hugsar» fem dagar tilbake. 

I samband med oppsett av kamera vart det lagd opp internett-tilgang i bryggjene. Namnet på det trådlause nettverket er Uggdal Baatlag og passord er «sommarsol». Driftskostnadane med kamera og internett er kr 349 per månad. Det vert ikkje informert ut til medlemene om desse nye tilboda før på årsmøtet, utanom det som står å lesa på nettsida.

16/15 Vedlikehald 

Marine Gruppen har i haust gått over alle fortøyingar og ankerfeste i anlegget og utbetra det som måtte utbetrast. Det er inngått avtale med Marine Gruppen om årleg tilsyn/vedlikehald av ankerfesta til alle bryggjene. Dette arbeidet vert gjort med bruk av dykkarar. Laget må budsjettera med at avtalen kjem til å føra med seg ein del årvisse driftskostnader framover. I september vart alle plassar i anlegget målt opp, og fekk såleis korrekte mål. 

Vedlikehaldsgruppa har gjort ein solid jobb. Dei har teke for seg forefallande arbeid etter kvart som oppgåvene har dukka opp. 

Noko dreneringsarbeid på den øvre parkeringsplassen står att. Sameleis står det att ein del reinsking av skjering på den nedre parkeringsplassen. Dette må no truleg utsetjast til våren. Oddvin held kontakten med entreprenør.

Harald Kaastad vil ha båtlaget sitt utstyr ut av mølla. Han meiner mykje kan køyrast i Erdalen som boss, og at me finn ein ny stad å lagra resten. Vidar spør om vedlikehaldsgruppa kan sjå på dette. 

18/15 Medlemssituasjonen 

Båtplasskart ligg ute på nettsida og er montert i anlegget. Kartet har no og med korrekt breidde på båtplassane. Alle plassar i anlegget er no disponerte. 

Liste over medlemer i laget ligg på nettsida. Laget har no 151 medlemer. 117 disponerer båtplass, medan 34 står på venteliste. Fleire av dei som står på denne ventelista ventar i realiteten ikkje på plass. Dei står som støttemedlemer i båtlaget, eller for at dei skal ha rett til å leiga plass i anlegget. 

19/15 Økonomi 

Utviding av anlegget vart gjort utan å ta opp lån, og det står framleis att rundt 135 000 på konto. Alle kjende større utgifter er betalt, men unnatak av ei sluttrekning til Tiko AS. 

Nokre «gjengangarar» har ikkje betalt: Per 7. desember har båtlaget uteståande kr 10 750. Styret må drøfta om det skal sendast brev om utmelding eller eventuelt til inkasso. 

Dugnadslister er levert inn til rekneskapsførar.